onsdag 5. oktober 2016

Hananipa

Søndag hadde vi ein kjempeflott tur til Hananipa. Fjellet ligg akkurat over grensa til Vaksdal frå Bergen og er 711 m.o.h. Fjellet er ein tydeleg, markert topp som eg lenge har vore nyskjerrig på sidan vi ser han så godt frå Osterøy. Fleire eg kjenner har vore der og kunne anbefale turen så då var det berre til å slå seg laus.
For å kome seg dit køyrer du til rundkøyringa på Trengereid, til venstre og ned bygda til du kjem til eit skilt som står "Skulstad 2,5". Følg vegen til topps, parkeringsplassar er tilgjengeleg. Gå på vegen opp til demninga, vidare på sti til høgre langs vatnet og opp langs ein bekk. Her er stien litt tung å gå for dei minste. Eg hadde Anna på ryggen dette stykket. Nesten på toppen er det flott utsikt mot Osterøybrua. Osterøy er til høgre på bilete, Arnasida er på venstreside av fjorden.
På toppen er det ei fantastisk utsikt. Bygda midt på bilete er Vaksdal, den vesle øya er fengselet og til venstre i bilete er Bruvik. Ikkje ei sky på himmelen, vakre fargar og nesten ikkje vind.
Vi kunne og sjå heilt til Folgefonna. Du ser det kvite platået bakerst av fjella.
Det var mykje folk på tur denne dagen. Folk satte seg rundt om og berre tok inn den fine naturen og utsikta. Fjellet framfor i bilete er Brøknipa, det mindre fjellet over bygda Bruvik er Olsnessåta.
Malin og Emil spratt opp og var kjempeflinke. Anna gjekk og mykje av turen. Det kjekkaste er at dei gir uttrykk for at dei likar å gå i fjellet. På toppen koste vi oss med hamburger vi varma på primus. Ein super dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar