torsdag 6. oktober 2016

Tur til Tyssebotn ilag med Bornas Turlag

Søndag 11.september arrangerte Bornas Turlag Osterøy tur til geitestølen i Tyssebotn. Det har no blitt nokre veker sidan dette skjedde, men ikkje lenger enn at eg skriv om det. Turen starta ved kraftstasjonen. Omlag førti personar av smått og stort møtte opp. Det er eit ganske bra tal!
Det første som møtte oss var denne bratte trappa. Nokre var litt skeptisk, men det gjekk fint. Eit par stader seinare er det også slike trapper, men resten av stien er veldig trygg og fin.
 Det er eit veldig variert landskap vi går i på veg mot stølen. Først var det mykje bratte fjellsider med små fossefall som gjorde oss våte. Vatn er alltid stas. Fjellsidene hadde fleire sprekker og kløfter som ein kunne sitje under.
Etter å ha passert dei bratte fjellsidene kom vi til eit utsiktspunkt over Osvatnet med postkasse. Der skreiv vi oss inn før vi gjekk vidare innover dalen. 
Anna gjekk heile vegen opp sjølv. Klopper, bruer og liknande er veldig artig å gå over. Ofte leikar vi Bukkene Bruse.
Etter å ha gått oppover dalen kom vi til ei demning med nok eit utsiktspunkt. Denne gongen var det utsikt over fjorden. Her venta vi på at alle skulle kome slik at vi gjekk samla innover til Tyssebotn.
Vi gjekk langs med vatnet innover. Sola skein ei lita stund og alt var så vakkert. Stien innover er litt blaut så her er det lurt med støvlar.
Så fekk vi ei openbaring. Tyssebotn kom til syne og folk måtte stoppe opp for å nyte utsikta. Dersom du skal til Høgafjellet, Osterøy sitt høgaste fjell, går du langs vatnet på venstresida og passerer ei bru over fossen du ser på bilete. I dalen bak fossen er det ei ny demning og eit vatn som dei kallar Øvrebotn. Eg har ikkje gått her sjølv, men står du over Øvrebotn og ser ned mot fjorden  ser det ut som at dei to vatna går i eitt med fjorden.
Før vi kom til setra gjekk vi over ei gammal demning. Litt nifst synest nokon, men det gjekk fint med alle.
Her ser du eit oversiktsbilete av setra. Den er ganske ny og er aktivt i bruk. Vi fekk helse på geitene, smake nykokt geitost og få ei lita innføring i historia Tyssebotn. Det var fleire turfolk denne dagen så på det meste kunne eg telle 60 personar på stølen. Det er ikkje kvar dag det er så folksomt her.
Vi gjekk ein annan veg tilbake. Først på ein sti der Anna fekk sitte på ryggen. Ho var flink å gå heile vegen opp, men to timar er ganske lenge for ein fireåring og ho byrja og verte trøytt. Trudde vi iallefall. Då vi kom til vegen som eigarane av stølen har laga la ho i vei og sprang. Ho lo og koste seg då ho fekk springe nedoverbakke. Underlaget har sitt og seie for om ho er motivert til å gå sjølv.

Det var nokre trøytte born i bilen på veg heim, men dei hadde hatt det kjempekjekt og det samme hadde vi voksne. Ein kjempeflott tur i variert landskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar