lørdag 15. oktober 2016

Heidakollen 570 moh

Torsdag tok mamma seg fri for å vere ilag med oss. Sjølvsagt måtte vi ut, det var jo strålande fint vèr. Tanken var å gå til Kornbergveten, men det slo eg frå meg ganske fort når eg såg kor fort vi gjekk, det ville ta alt for lang tid. Så då vart det Heidakollen.
Første delen av turen går på traktorveg. Det var ganske kaldt i lufta så vi var raske med å kome oss i sola. Herlege haustfargar, vakkert vèr og familie på tur, det var lite å klage på.
Vel framme, etter 1 time og 40 minutt og 3 km, åt vi niste og drakk varm kakao ved varden. Her er det bok å skrive seg i. Anna gjekk heile vegen opp og det er alltid like kjekt.
Utsikt frå toppen. Heimbygda mi, Volda, med sunnmørsalpane i bakgrunnen.
Andre vegen ser du Lauvstad og utover mot Eiksund og Ulsteinvik.
Emil. Spretten og glad.
På skiltet står det Sollidheida, det lokale navnet på Heidakollen. Rett bak Malin er der ein utstikkar som mange tek bilete frå. Det er mange høgdemeter rett ned under den så eg hadde ikkje nervar til å la nokon stå modell fordi eg skulle ha eit flott bilete.
På veg tilbake. Utsikta er fantastisk herifrå. Dalsfjorden med alle fjella er vakker.
Vi gjek i eit område der fjorden deler seg i mange retningar. Fjorden bak oss fører innover Austefjorden og til høgre bak det mørkaste fjellet deler fjorden seg til Kilsfjorden.

Turen var på 6 km. Vi køyrde opp bomvegen og parkerte like ved plantefeltet. Lett og fin stigning, tydeleg sti, men ikkje merka. Ein barnevennleg og flott tur eg gjerne går fleire gongar.

fredag 14. oktober 2016

Gildrehammaren

Onsdag var eg aleine med borna. Då passa det godt med ein nærtur med full uttelling. Det er rart med det kor lite interessert eg var i naturen på Sunnmøre som tenåring. Den gongen eg budde her var eg nesten aldri på tur på eige initiativ. No får eg aldri nok av å vere ute, iallefall ikkje om vèret er så fantastisk som det er no. Gildrehammaren var ein ny stad for meg som eg har sett fram til å prøve ei stund.
Turen startar med utgangspunkt øverst i byggefeltet på Klepp. Det er godt merka og stien er tydeleg. Råsa/stien opp er bratt og ulendt, men ikkje verre enn at Anna klarte heile vegen sjølv. Gildrehammaren ligg som i navnet på ein hammar og ein må halde auge med uforutsige born. Her er det laga til med benk og postkasse til å skrive seg i.
Denne turen ga ungane tydeleg uttrykk for at var gøy. Ikkje så lang, litt klatring og ein fantastisk utsikt  på toppen. "Her må vi gå kvar gong vi er i Volda" sa Emil.
Ungane har byrja å forstå meininga med utsikt, eller så snakkar eg så mykje om det at dei trur dei meinar noko om det. Til høgre ser du Kornbergveten på Folkestad og bygda midt i er Lauvstad med Dalsfjorden snikande innimellom.
Varmt var det ikkje. Anna har ull, flis og parkdress. Anna gliser fordi ho er stolt over seg sjølv som gjekk heile vegen opp.
Vi gjekk ei rundløype kor vi nedatt haldt oss i tau, balanserte på trappetrinn og sklei på tau som ein brannmann. Hopp og sprett og tjo og hei så var vi nede. Alle var samde om at vi hadde hatt ein fin tur.

torsdag 13. oktober 2016

Fine dagar på vatnet

Mandag og tysdag var vi i Austefjorden, heimstaden til far min, som eg har eit nært forhold til frå då eg var lita. Mange gode minner kjem derifrå, men det er noko med å leve litt i nuet og ikkje minst la borna få oppleve litt av det og. 
Eg er ikkje så glad i å fiske med stang, eg har iallefall ikkje vore det til no, og foretrekker fiske med garn. Vi har tilgang til båt og garn på dette vatnet og den opplevinga å ete nysteikt fisk som har levd eit fritt liv i ferskt, norsk vatn ja det er noko alle bør prøve. Omgjevnadane her er vel ikkje noko ulempe heller. Vakre fjell, klart vatn, skugge og sol omkvarandre. 
Ungane er landkrabber så dette er ikkje ofte dei får prøve. Å ro med årer er kanskje ikkje actionfylt nok for Emil, men Malin storkoste seg 
 André ror medan pappa og Jonas sett ut garn mandagsformiddag. 
Medan vi venta på at garnet skulle fylle seg med fisk tok vi oss ein båttur på fjorden. Planen var å få fisk til middag. Anna og Emil synest båt med påhengsmotor var mykje meir artig enn båt med årer. 
Fisken ville ikkje bite, den hadde nok haustferie den og. Så då vart det pølser til middag. Det var uansett kjekt med ein tur på fjorden, det er fleire år sidan sist. Så fort sola var borte frå der båten låg var det veldig kaldt så det er ingen tvil om at vi er i midten av oktober.
Det er ikkje fred å få. Om du får ungane dine til å slappe av når du har ferie så har eg noko å lære. Etter båttur på både vatn og sjø ville Malin på død og liv ut med kano. Det vart ein kjapp tur, ho var nok trøttare enn ho ville innrømme.
Dagen etter var det ei nydeleg stemning ved vatnet. Morgondis og sol i glinsande vatn, kan det verte vakrare? Ein fin start på dagen og vi var alle optimistiske om kor mykje fisk vi skulle få.
Det var spennande for borna å sjå fiskane som vart trekt opp, men Emil synest det var litt nifst med blodet. 

Det tek tid å trekke garn og Emil var lei. Ingen tvil om at han er ei landkrabbe.
Medan vi ventar på fisken tek vi selfie...
Fisken og folket i land, båten skulle settast tilbake der han ligg og Malin fekk prøve å ro ilag med onkel André. Det var kjempekjekt å vere i båt og fiske, men eg må nok gjenta dette for borna ein annan gong for at alle skal få glede av det.

onsdag 12. oktober 2016

Gunnarråsa

Det er haustferie og vi er i Volda.  Når vèret er så unikt og fantastisk som det er no så er det klart at utetid er på prioriteringslista. Første tur ut var på søndag ilag med mormor (mi mor) og besten. Turmålet var Gunnarråsa. Eit populært turmål for lokale. Les vidare så skjønnar du kvifor.
Turen startar rett etter ferjekaia på Sæbø. Du tek opp ein veg til venstre med skilt mot Gunnarråsa og Dalagubben. Der er det ein liten parkeringsplass. Så går du ein grusa veg eit lite stykke før du vender inn på ein sti. Vegen er bratt heile vegen, men underlaget er fint. Anna gjekk heile vegen opp! Turmålet har rasteplass med tak og postkasse og ligg på 370 m.o.h.
Og dette er utsikta. Er det rart folk går opp hit? Sjekk kor mørklagt bygda er; kaldt og undersolt. Ein slik stad er ei vitamininnsprøytning både på grunn av sola, men ikkje minst på grunn av utsikta. Denne dissa er fin for borna, trur ikkje Anna tenker over utsikta så det får vi voksne ta oss av.
"Her var det gøy", sa Emil, "det var så mykje å gjer på".
Hengekøye om ein er har lyst å kvile seg litt.
Maten smakte godt her oppe. Særskilt sjokoladen og epla.
Anna elskar å gå på tur. Ho gir uttrykk for glede over å mestre det å klare heile vegen sjølv. "Eg e 4 år og klare sjøl".
Storesøster.
Hjørundfjorden og sunnmørsalpane rundt er storslått og vakkert. Den mest kjende toppen er Slogen som du ser som ein spiss på toppen. Synest det er flott med slike turar der ein ikkje nødvendigvis skal opp på ein topp, men ha som mål at flest mogleg får nyte fantastisk utsikt på eit overkomeleg nivå. Tommelen opp for Gunnarråsa!

torsdag 6. oktober 2016

Tur til Tyssebotn ilag med Bornas Turlag

Søndag 11.september arrangerte Bornas Turlag Osterøy tur til geitestølen i Tyssebotn. Det har no blitt nokre veker sidan dette skjedde, men ikkje lenger enn at eg skriv om det. Turen starta ved kraftstasjonen. Omlag førti personar av smått og stort møtte opp. Det er eit ganske bra tal!
Det første som møtte oss var denne bratte trappa. Nokre var litt skeptisk, men det gjekk fint. Eit par stader seinare er det også slike trapper, men resten av stien er veldig trygg og fin.
 Det er eit veldig variert landskap vi går i på veg mot stølen. Først var det mykje bratte fjellsider med små fossefall som gjorde oss våte. Vatn er alltid stas. Fjellsidene hadde fleire sprekker og kløfter som ein kunne sitje under.
Etter å ha passert dei bratte fjellsidene kom vi til eit utsiktspunkt over Osvatnet med postkasse. Der skreiv vi oss inn før vi gjekk vidare innover dalen. 
Anna gjekk heile vegen opp sjølv. Klopper, bruer og liknande er veldig artig å gå over. Ofte leikar vi Bukkene Bruse.
Etter å ha gått oppover dalen kom vi til ei demning med nok eit utsiktspunkt. Denne gongen var det utsikt over fjorden. Her venta vi på at alle skulle kome slik at vi gjekk samla innover til Tyssebotn.
Vi gjekk langs med vatnet innover. Sola skein ei lita stund og alt var så vakkert. Stien innover er litt blaut så her er det lurt med støvlar.
Så fekk vi ei openbaring. Tyssebotn kom til syne og folk måtte stoppe opp for å nyte utsikta. Dersom du skal til Høgafjellet, Osterøy sitt høgaste fjell, går du langs vatnet på venstresida og passerer ei bru over fossen du ser på bilete. I dalen bak fossen er det ei ny demning og eit vatn som dei kallar Øvrebotn. Eg har ikkje gått her sjølv, men står du over Øvrebotn og ser ned mot fjorden  ser det ut som at dei to vatna går i eitt med fjorden.
Før vi kom til setra gjekk vi over ei gammal demning. Litt nifst synest nokon, men det gjekk fint med alle.
Her ser du eit oversiktsbilete av setra. Den er ganske ny og er aktivt i bruk. Vi fekk helse på geitene, smake nykokt geitost og få ei lita innføring i historia Tyssebotn. Det var fleire turfolk denne dagen så på det meste kunne eg telle 60 personar på stølen. Det er ikkje kvar dag det er så folksomt her.
Vi gjekk ein annan veg tilbake. Først på ein sti der Anna fekk sitte på ryggen. Ho var flink å gå heile vegen opp, men to timar er ganske lenge for ein fireåring og ho byrja og verte trøytt. Trudde vi iallefall. Då vi kom til vegen som eigarane av stølen har laga la ho i vei og sprang. Ho lo og koste seg då ho fekk springe nedoverbakke. Underlaget har sitt og seie for om ho er motivert til å gå sjølv.

Det var nokre trøytte born i bilen på veg heim, men dei hadde hatt det kjempekjekt og det samme hadde vi voksne. Ein kjempeflott tur i variert landskap.

onsdag 5. oktober 2016

Hananipa

Søndag hadde vi ein kjempeflott tur til Hananipa. Fjellet ligg akkurat over grensa til Vaksdal frå Bergen og er 711 m.o.h. Fjellet er ein tydeleg, markert topp som eg lenge har vore nyskjerrig på sidan vi ser han så godt frå Osterøy. Fleire eg kjenner har vore der og kunne anbefale turen så då var det berre til å slå seg laus.
For å kome seg dit køyrer du til rundkøyringa på Trengereid, til venstre og ned bygda til du kjem til eit skilt som står "Skulstad 2,5". Følg vegen til topps, parkeringsplassar er tilgjengeleg. Gå på vegen opp til demninga, vidare på sti til høgre langs vatnet og opp langs ein bekk. Her er stien litt tung å gå for dei minste. Eg hadde Anna på ryggen dette stykket. Nesten på toppen er det flott utsikt mot Osterøybrua. Osterøy er til høgre på bilete, Arnasida er på venstreside av fjorden.
På toppen er det ei fantastisk utsikt. Bygda midt på bilete er Vaksdal, den vesle øya er fengselet og til venstre i bilete er Bruvik. Ikkje ei sky på himmelen, vakre fargar og nesten ikkje vind.
Vi kunne og sjå heilt til Folgefonna. Du ser det kvite platået bakerst av fjella.
Det var mykje folk på tur denne dagen. Folk satte seg rundt om og berre tok inn den fine naturen og utsikta. Fjellet framfor i bilete er Brøknipa, det mindre fjellet over bygda Bruvik er Olsnessåta.
Malin og Emil spratt opp og var kjempeflinke. Anna gjekk og mykje av turen. Det kjekkaste er at dei gir uttrykk for at dei likar å gå i fjellet. På toppen koste vi oss med hamburger vi varma på primus. Ein super dag!