Viser innlegg med etiketten Hordaland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hordaland. Vis alle innlegg

onsdag 5. oktober 2016

Hananipa

Søndag hadde vi ein kjempeflott tur til Hananipa. Fjellet ligg akkurat over grensa til Vaksdal frå Bergen og er 711 m.o.h. Fjellet er ein tydeleg, markert topp som eg lenge har vore nyskjerrig på sidan vi ser han så godt frå Osterøy. Fleire eg kjenner har vore der og kunne anbefale turen så då var det berre til å slå seg laus.
For å kome seg dit køyrer du til rundkøyringa på Trengereid, til venstre og ned bygda til du kjem til eit skilt som står "Skulstad 2,5". Følg vegen til topps, parkeringsplassar er tilgjengeleg. Gå på vegen opp til demninga, vidare på sti til høgre langs vatnet og opp langs ein bekk. Her er stien litt tung å gå for dei minste. Eg hadde Anna på ryggen dette stykket. Nesten på toppen er det flott utsikt mot Osterøybrua. Osterøy er til høgre på bilete, Arnasida er på venstreside av fjorden.
På toppen er det ei fantastisk utsikt. Bygda midt på bilete er Vaksdal, den vesle øya er fengselet og til venstre i bilete er Bruvik. Ikkje ei sky på himmelen, vakre fargar og nesten ikkje vind.
Vi kunne og sjå heilt til Folgefonna. Du ser det kvite platået bakerst av fjella.
Det var mykje folk på tur denne dagen. Folk satte seg rundt om og berre tok inn den fine naturen og utsikta. Fjellet framfor i bilete er Brøknipa, det mindre fjellet over bygda Bruvik er Olsnessåta.
Malin og Emil spratt opp og var kjempeflinke. Anna gjekk og mykje av turen. Det kjekkaste er at dei gir uttrykk for at dei likar å gå i fjellet. På toppen koste vi oss med hamburger vi varma på primus. Ein super dag!

lørdag 17. september 2016

Lønahorgi 1410 moh

Det er så mykje som skal klaffe når to travle damer skal møtes. Tida går og plutseleg har det gått eit par år sidan sist. Renate har hytteleilighet i Tråstølen på Voss. Då passar det vel fint å gå på Lønahorgi! Så det har vi hatt lyst til å gjere ilag ei stund og denne helga fekk vi det til. Vi reiste til Voss igår og idag tok vi turen med utgangspunkt i parkeringsplassen på toppen av Tråstølen.
Vi byrja å gå i nitida. Vi fulgte anleggsvegen oppover. Undervegs kom sola fram og ønskte oss god tur. Så nydeleg utsikt over Skulstadmo! Det er stille både til vanns og til lands.
Etter ein time satte vi oss ned og åt ein banan. Det er haust i fjellet og etter mi meining den finaste tida å gå fjelltur på.Går du rett fram i staden for til høgre er det ein sti som fører ein til Tvinnestølen og Volahytta.
Små vatn undervegs. I bakgrunnen held fjella auge med oss.
Fjellandskapet er massivt og stort. Som vi skulle ønske at nokon kunne fortelje oss korleis alt har blitt til! Kor har breen vore først og sist? Kva heiter alle steinsortane? Kvifor slik og korleis slik? Er du glad i stein så ta deg ein tur hit.
Meg; glad i fjellet og elskar å gå på tur. Og eg hadde det beste turselskapet eg kunne ønske meg. Ja då må ein berre smile.
Det er noko eige med Voss. Det er fleire som seier det same. Atmosfæren, livet og naturen. Eg trives så godt her. Bilete er tatt frå sjølve toppen.
Toppen i sikte. Dette er tatt på veg ned att. Sjølve toppen er ikkje noko særskilt. Det støyer og det er eigentleg mest eit anleggsområde, men det er kjekt å ha vore der.
Fjellandskap over alt med stein og berg i vakre former. Det var så mykje å sjå på. Turen tok seks timar og det er ein krevande tur mest med tanke på det ulendte steinlandskapet.
Eg må seie at det mest fascinerande idag var alle bergartane og formasjonane, Eg veit ingenting om slike ting og sakna å ha ein geolog på turen. Som eit minne tok eg meg ein stein forma som eit fjell. Eit flott minne om ein fantastisk dag på Voss, ilag med Renate, på fjellet, med utsikt og eit nydeleg haustlandskap. Eg kunne ikkje ønske meg meir.