lørdag 15. oktober 2016

Heidakollen 570 moh

Torsdag tok mamma seg fri for å vere ilag med oss. Sjølvsagt måtte vi ut, det var jo strålande fint vèr. Tanken var å gå til Kornbergveten, men det slo eg frå meg ganske fort når eg såg kor fort vi gjekk, det ville ta alt for lang tid. Så då vart det Heidakollen.
Første delen av turen går på traktorveg. Det var ganske kaldt i lufta så vi var raske med å kome oss i sola. Herlege haustfargar, vakkert vèr og familie på tur, det var lite å klage på.
Vel framme, etter 1 time og 40 minutt og 3 km, åt vi niste og drakk varm kakao ved varden. Her er det bok å skrive seg i. Anna gjekk heile vegen opp og det er alltid like kjekt.
Utsikt frå toppen. Heimbygda mi, Volda, med sunnmørsalpane i bakgrunnen.
Andre vegen ser du Lauvstad og utover mot Eiksund og Ulsteinvik.
Emil. Spretten og glad.
På skiltet står det Sollidheida, det lokale navnet på Heidakollen. Rett bak Malin er der ein utstikkar som mange tek bilete frå. Det er mange høgdemeter rett ned under den så eg hadde ikkje nervar til å la nokon stå modell fordi eg skulle ha eit flott bilete.
På veg tilbake. Utsikta er fantastisk herifrå. Dalsfjorden med alle fjella er vakker.
Vi gjek i eit område der fjorden deler seg i mange retningar. Fjorden bak oss fører innover Austefjorden og til høgre bak det mørkaste fjellet deler fjorden seg til Kilsfjorden.

Turen var på 6 km. Vi køyrde opp bomvegen og parkerte like ved plantefeltet. Lett og fin stigning, tydeleg sti, men ikkje merka. Ein barnevennleg og flott tur eg gjerne går fleire gongar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar