onsdag 12. oktober 2016

Gunnarråsa

Det er haustferie og vi er i Volda.  Når vèret er så unikt og fantastisk som det er no så er det klart at utetid er på prioriteringslista. Første tur ut var på søndag ilag med mormor (mi mor) og besten. Turmålet var Gunnarråsa. Eit populært turmål for lokale. Les vidare så skjønnar du kvifor.
Turen startar rett etter ferjekaia på Sæbø. Du tek opp ein veg til venstre med skilt mot Gunnarråsa og Dalagubben. Der er det ein liten parkeringsplass. Så går du ein grusa veg eit lite stykke før du vender inn på ein sti. Vegen er bratt heile vegen, men underlaget er fint. Anna gjekk heile vegen opp! Turmålet har rasteplass med tak og postkasse og ligg på 370 m.o.h.
Og dette er utsikta. Er det rart folk går opp hit? Sjekk kor mørklagt bygda er; kaldt og undersolt. Ein slik stad er ei vitamininnsprøytning både på grunn av sola, men ikkje minst på grunn av utsikta. Denne dissa er fin for borna, trur ikkje Anna tenker over utsikta så det får vi voksne ta oss av.
"Her var det gøy", sa Emil, "det var så mykje å gjer på".
Hengekøye om ein er har lyst å kvile seg litt.
Maten smakte godt her oppe. Særskilt sjokoladen og epla.
Anna elskar å gå på tur. Ho gir uttrykk for glede over å mestre det å klare heile vegen sjølv. "Eg e 4 år og klare sjøl".
Storesøster.
Hjørundfjorden og sunnmørsalpane rundt er storslått og vakkert. Den mest kjende toppen er Slogen som du ser som ein spiss på toppen. Synest det er flott med slike turar der ein ikkje nødvendigvis skal opp på ein topp, men ha som mål at flest mogleg får nyte fantastisk utsikt på eit overkomeleg nivå. Tommelen opp for Gunnarråsa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar