torsdag 11. august 2016

På denne tida ifjor

Her eg bur har det vore regn meir eller mindre kvar dag sidan juni. Sola skin innimellom, men regnbygene står og ventar på sin tur så fort nokre strålar har fått tørka asfalten. For eitt år sidan hadde vi ein fantastisk flott dag her på Osterøy, kanskje den finaste då det var ein kald vår og sommar det året, og eg var så heldig å få tid til å gå på Brøknipa.
Brøknipa (Bruviknipa) er Osterøy sitt nest høgaste fjell med 822 m.o.h. Langt ifrå ein høg topp, men den har ein fantastisk utsikt. Innlandsøya Osterøy har fjell og fjord på alle kantar og ein ser ut til havet og inn mot Bergsdalen og Vossafjella frå Brøknipa på ein dag som denne. Blå himmel og vindstille, kor heldig kan ein eigentleg vere? Eg mangla ingenting, livet kjendes fullkomment.
På veg opp er det utsikt mot Bruvikdalen og Storavatnet. Det er så mykje vakkert å sjå på denne turen. Brøknipa er blant topp tre finaste turane på Osterøy. Om du ikkje har vore her så er dette staden å dra om du er i nærleiken ein vakker dag. Turen eg gjekk starta på parkeringsplassen på Båtaleitet og opp den korte, bratte løypa.

Så får vi håpe at vèret vert like godt som ifjor på denne tida og at eg kan vise bileter frå like fine turar i år. Alltid kjekt å mimre, men endå kjekkare å oppleve det her og no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar